Hopp til innhald

Østfold fylke

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Austfold)
Østfold fylke
fylke
Fylkesvåpen
Land  Noreg
Adm.senter Sarpsborg
Areal 4 004,2 km²
   land 3 730 km²
   vatn 274 km²
Folketal 314 407  (1. januar 2025)
Folketettleik 84 / km²
Målform bokmål
Fylkesordførar Sindre Martinsen-Evje (Ap)
Fylkesnummer 31
Kart
Østfold fylke
59°20′00″N 11°20′00″E / 59.333333333333°N 11.333333333333°E / 59.333333333333; 11.333333333333
Wikimedia Commons: Østfold

Østfold fylke, stundom kalla Austfold, er eit fylke i Noreg. Fylket er det søraustlegaste i landet og ligg på den austre sida av Oslofjorden, med grensar til Akershus i nord og vest og til Sverige og dei svenske fylka Värmlands län og Västra Götalands län i aust. I perioden frå 2020 til 2023 var Østfold ein del av Viken fylke. Det blei eit eige fylke igjen den 1. januar 2024, og tok i bruk dei gamle grensene, med unntak av Rømskog som blei ein del av Akershus fylke.

Østfold har seks byar: Askim, Mysen, Fredrikstad, Halden, Moss og Sarpsborg.

I vikingtida var området ein del av Vingulmark, som i sin tur var ein del av Viken og inkluderte Båhuslen. Det var delvis under svensk styre fram til Harald Hårfagre si tid.

Seinare, då Noreg var under dansk styre, delte den danske kongen området inn i mange len.

Det gamle namnet til Oslofjorden var Fold, og tydinga til Østfold vert då 'fylket aust for Oslofjorden'. Dette namnet har røter attende til 1543. I mellomalderen var namnet på fylket Borgarsysla 'fylket til byen Borg (i dag Sarpsborg)'.

Seinare (under dansk styre) vart fylket kalla Smaalenenes Amt.

Vêret i Østfold er prega av ei viss terrengskjerming mot aust og at det ligg ope til mot Skagerrak og Oslofjorden i sør og vest. Den herskande vinden er frå nord til nordaust om vinteren og frå sør til sørvest om sommaren.

Middeltemperaturen varierer frå -3 til -5 °C i januar til 16–17 °C i juli. Om vinteren vil temperaturen ved kysten som regel kome opp kring –1 °C.

Årsnedbøren er stort sett 700–800 mm, med seinsommaren og hausten som den våtaste tida. På grunn av det høgareliggande terrenget i aust, fell det lite snø om vinteren, i tillegg til at mild luft frå sjøen ofte fører til smelting.

Fylket har ein god del tåke, særleg på hausten og vinteren, på grunn av nærleiken til sjøen.

Folketala i oversynet under er frå SSB per 1. januar 2025.

Nr. Namn Kart Adm.senter Folkemengd Flatevidd km² Målform Distrikt
3101
Halden kommune
Halden kommune
 Halden Halden 32 038 642,34 Bokmål Halden
3103
Moss kommune
Moss kommune
 Moss Moss 52 646 137,77 Nøytral Mosseregionen
3105
Sarpsborg kommune
Sarpsborg kommune
 Sarpsborg Sarpsborg 60 139 405,68 Bokmål Nedre Glomma
3107
Fredrikstad kommune
Fredrikstad kommune
 Fredrikstad Fredrikstad 85 862 288,15 Bokmål Nedre Glomma
3110
Hvaler kommune
Hvaler kommune
Hvaler Skjærhalden 4 777 89,56 Bokmål Nedre Glomma
3112
Råde kommune
Råde kommune
 Råde Karlshus 7 850 118,68 Bokmål Mosseregionen
3114
Våler kommune
Våler kommune
Våler Kirkebygden 6 162 256,96 Bokmål Mosseregionen
3116
Skiptvet kommune
Skiptvet kommune
 Skiptvet Meieribyen 3 956 101,21 Bokmål Indre Østfold
3118
Indre Østfold kommune
Indre Østfold kommune
Indre Østfold Askim 47 449 791,93 Bokmål Indre Østfold
3120
Rakkestad kommune
Rakkestad kommune
 Rakkestad Rakkestad 8 527 434,71 Bokmål Indre Østfold
3122
Marker kommune
Marker kommune
 Marker Ørje 3 655 412,91 Bokmål Indre Østfold
3124
Aremark kommune
Aremark kommune
 Aremark Fossby 1 346 319,28 Bokmål Indre Østfold
Totalt
Østfold
Østfold
 Østfold Sarpsborg 314 407 4 004,20 Nøytral Østlandet

    Bakgrunnsstoff

    [endre | endre wikiteksten]