Addlestone
| Addlestone | |||
| by | |||
St. Paul's kyrkje i Addlestone. Foto: Michael Ford | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Region | Surrey | ||
| Distrikt | Runnymede | ||
| Areal | 4,87 km² | ||
| Folketal | 15 883 | ||
| Postnummer | KT15 | ||
| Retningsnummer | 0 1932 | ||
![]() Addlestone 51°22′10″N 0°29′24″W / 51.3695°N 0.4901°W | |||
| Wikimedia Commons: Addlestone | |||
Addlestone er ein by i Surrey i England, omtrent midtveges mellom Weybridge og Chertsey. Han er administrasjonssenter for distriktet Runnymede. Byen ligg nær kryss 11 på ringvegen M25, og har jernbanesambans til London frå Addlestone stasjon.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Namnet er av angelsaksisk opphav, og tyder truleg Attels dal, det vil seie ein dal som var eigedomen til ein person ved namn Attel. I 1241 nemnast staden som Attelsdene og i 1610 er han oppført på kartet til John Speede som Adleston.
Fram til jarnbana kom i 1848 var Addleston ikkje så mykje meir enn ei klynge småhus rundt The George, dei eldste vertshusa til byen. På grunn av nærleiken til Weykanalen frå det 1600-talet og Basingstokekanalen frå 1700-talet voks det fram noko industri der. Det viktigaste føretaket var Coxes Lock mølle, ei vassmølle som dreiv eit jernverk på 1700-talet.
I 1838 vart det bygd ei kyrkje i Addlestone, og i 1857 vart eit eige sokn oppretta. Det kom meir industri til byen, blant anna Louis Blériot sin flyfabrikk.
Trivia
[endre | endre wikiteksten]I H.G. Wells-boka Klodenes krig landa det andre av ti romskip på Addlestone Golf Links.
Croach Oak er eit eiketre som står i Addlestone. Det blir sagt å vere eit av dei eldste i England. Treet var lengje kjent som Wycliffe's Oak, etter John Wyclif som skal ha halde preiker på staden, utan av det er kjent om han verkeleg gjorde det. I 1810 vart det sett opp eit gjerde rundt det, fordi lokale ungjenter reiv av bark for å lage ein kjærleiksdrykk og dermed nesten tok livet av treet.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Addlestone» frå Wikipedia på bokmål, den 18. juli 2011.
