Hopp til innhald

Col de Turini

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Col de Turini
pass
Land  Frankrike
Département Alpes-Maritimes
Del av Dei maritime Alpane
Høgd 1 607 m
Kart
Col de Turini
43°58′37″N 7°23′31″E / 43.97694444°N 7.39194444°E / 43.97694444; 7.39194444
Wikimedia Commons: Col de Turini

Col de Turini er eit pass i dei franske maritime Alpane innanfor den franske rivieraen. Passhøgda ligg i Département Alpes-Maritimes på 1 607 moh.

Passet ligg i den ytre, busette delen av Mercantour nasjonalpark og utgjer overgangen mellom Bévéra-dalen og Vésubie-dalen.

Ein kan nå passhøgda frå La Bollène-Vésubie i vest og frå L'Escarène og Sospel i aust. Ein tredje veg kjem frå nordaust, den er skilta «Origine Circuit de l'Authion».

Col de Turini ligg på vandrevegenane GR 52A (Sentier Panoramique du Mercantour) og Via Alpina.

Kvart år går ei etappe av Rally Monte Carlo over Col de Turini.

    Litteratur

    [endre | endre wikiteksten]
    • Sabine Bade, Wolfram Mikuteit, Grande Randonnée 52A. Le Sentier panoramique du Mercantour. Fernwege.de, Roxheim 2008, ISBN 978-3-937304-78-6.