Condom
Utsjånad
| Condom | ||
|---|---|---|
|
| ||
| Land Region Departement |
Frankrike Occitanie Gers | |
| Flatevidd | 97,37 km² | |
| Flatevidd • By |
97,37 km² | |
| Innbyggjarar • By (1999) - folketettleik |
7 251 82/km² | |
| Koordinatar | 43°38′N 00°35′E / 43.633°N 0.583°E | |
| Høgd | 82 m | |
| Tidssone • Ved sommartid |
CET (UTC+1) UTC+2 (UTC) | |
| Postnummer | 32100 | |
| Nettstad: www.condom.org | ||
Condom er ein by og kommune sørvest i Frankrike. Han er sous-préfecture i departementet Gers i Occitanie. Byen har om lag 7 000 innbyggjarar og ligg ved elva Baïse.
Condom ligg langs Via Podiensis, ei pilegrimsrute frå Le Puy via Saint-Jean-Pied-de-Port til Santiago de Compostella nordvest i Spania. Pilegrimar kjem til Condom etter Miradoux og passerer så gjennom Larressingle.
Ymse
[endre | endre wikiteksten]Sidan byen har same namn som det engelske ordet for kondom, kan det vere verdt å merke seg at namnet på elva som renn gjennom byen, Baïse, utan tødlar er eit vulgært fransk uttrykk for seksuell omgang. På fransk heiter derimot kondom préservatif. Eit problem i byen er turistar som tar med seg gateskilt.
Byen er kjend for produksjon av armagnac.
