Datong
Utsjånad
| Datong | |
|---|---|
| Land Provins |
Folkerepublikken Kina Shanxi |
| Oppretta | 200 f.Kr. |
| Flatevidd | 14 056,4 km² |
| Flatevidd • By |
13 300 km² |
| Innbyggjarar • By (2010; 2020) |
3110000 |
| Koordinatar | 40°4′N 113°17′E / 40.067°N 113.283°E |
| Høgd | 1090 m |
| Tidssone | UTC+8 (UTC) |
| Nettstad: http://dt.gov.cn | |
|
| |
Datong (eller Tatung) er ein kinesisk storby i provinsen Shanxi i det nordlege Kina. Folkemengda innan bygrensene er berekna til 3,1 millionar.
Datong er ein viktig industriby og eit jarnbaneknutepunkt i eit område rikt på kolførekomstar. Byen er sterkt industrialisert.
Tidlegare heitte byen Pingcheng, og var hovudstad i det nordlege Wei-kongedømet (400- og 500-talet). Kalksteinsgrotter ved det nærliggande Yungang har buddhistisk kunst frå same periode.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Delar av denne artikkelen bygger på «Datong» frå Wikipedia på bokmål, den 1. april 2005.
- Delar av denne artikkelen bygger på «Datong» frå Wikipedia på engelsk, den 14. mars 2011.
Denne geografiartikkelen som har med Kina å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han. |

