Hopp til innhald

Garforth

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Garforth
by
Land  England
Region West Yorkshire
Distrikt City of Leeds
Folketal 19 811
Postnummer LS25
Retningsnummer 0 113
Kart
Garforth
53°47′31″N 1°23′17″W / 53.792°N 1.388°W / 53.792; -1.388

Garforth er ein by i den austlege utkanten av City of Leeds, altså ein by innanfor ein større by. Han er er fråskild frå sjølve Leeds, med fleire byar mellom dei to, men har trekk av å vere ein soveby.

På veg inn i byen frå vest på A63.

Området er høvesvis velståande, og kriminaliteten og arbeidsløysa er lågare enn gjennomsnittet i City of Leeds. Av dei nesten 24 000 som budde der ved folketeljinga i 2001 åtte litt over 80 % sine eigne heimar, noko som er 20 % høgare enn i distriktet som heilskap. Omkring 15 000 budde i Garforth sentrum, og resten på bustadområde rundt.

Byen oppstod som ei følgje av ekspansjon på 1600- og 1700-talet, då den lokale familien Gascoine dreiv fleire kolgruver i området. Fleire landsbyar – Micklefield, Kippax, Swillington, Methley og Allerton Bywater – voks opp rundt byen i same periode. I dag er produksjonsindustri og bilverkstader viktigaste næringsvegane, og meir enn ein ein tredjedel av arbeidsstokken er tilsett der.

I seinare tid har byen vakse som følgje av ein generell oppgangstid i Leeds, kombinert med gode transporthøve. A1 og M1 går rett ved, og er forbunde med ein ringveg. Det er to jernbanestasjonar, Garforth og East Garforth, som betener linja mellom Leeds og York. Det er dermed mogleg å pendle til fleire stader i området, og det er enkelt å reise til og frå byen for å finne andre tilbod.

Rugby er den viktigast idretten i området, og dei to største klubbane i området er Leeds Rhinos og Castleford Tigers. Rhinos vann Syp League i 2004 og World Club Challenge i 2005. Fotball har tradisjonelt stått i skuggen for rugby i Garforth, men har i seinare år vorte meir populært. Garforth Town AFC spelar i Northern Counties East Football League. Mot slutten av 2004 byrja brasilianaren Sócrates å spele for klubben. Naturleg nok er mange av innbyggjarane òg tilhengarar av Leeds United FC.

    Bakgrunnsstoff

    [endre | endre wikiteksten]
    Commons har multimedium som gjeld: Garforth