Google Chrome
| Google Chrome | |||
| | |||
| Utviklar | |||
|---|---|---|---|
| Utgjevar | Google Play, App Store | ||
| Nyaste versjon | 142.0.7444.243 (16. desember 2025)[1] | ||
| Plattform | IA-32, x86_64, ARM | ||
| Operativsystem | Microsoft Windows, Linux, macOS | ||
| Skriven i | C++ | ||
| OS-familie | Chromium | ||
| Lisens | freeware | ||
| Nettstad | https://www.google.com/chrome/ | ||
Google Chrome er ein open kjeldekode-nettlesar utvikla av Google. Han byggjer på komponentar frå andre open kjeldekode-nettlesarar som WebKit og Mozilla, og er meint til å forbetre stabilitet, fart, og sikring saman med eit enkelt og effektivt brukargrensesnitt.
Namnet
[endre | endre wikiteksten]Nettlesaren er namngjeven etter ramma til brukargrensesnittet til nettlesaren, også kalla «chrome» på engelsk.
Sikring
[endre | endre wikiteksten]Google Chrome hentar informasjon frå to såkalla svartelister (ei for nettfiske, og ei for sabotasjeprogram) og åtvarar brukaren når den prøvar å vitje ei skadeleg side. Denne tenesta er og gjort tilgjengeleg for andre via «Google Safe Browsing API». I arbeidet med å halde ved like desse listene, gjev google òg melding til eigarane av sidene, som kan vera uvitande om at sidene deira inneheld skadeleg programvare.
Brukargrensesnitt
[endre | endre wikiteksten]- Fanebasert nettlesing. Der fanene er over adresselina, som på nettlesaren Opera.
- Nye faner syner miniatyrbileter av dei ni mest vitja sidene, saman med dei mest søkte, og bokmerkte sidene, og dei siste attlatne fanene.
- «Gears», er eit verktøy for å hjelpa utviklarar.
- Sprettoppvindauge er låste til den fana dei kjem ifrå.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Extended Stable Updates for Desktop» (på engelsk). 16. desember 2025. Henta 17. desember 2025.