Hopp til innhald

H

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
H

Bruk
SkriftsystemLatinsk skrift
TypeAlfabet
OpphavsspråkLatin
Fonetisk bruk
UnicodeU+0048, U+0068
Plass i alfabetet
Talverdi: 8
Historie
Utvikling
O6
N24
V28
Tidsperiodeca. 700 f.Kr. til no
Etterkomarar
Slektningar
Anna
Vanleg tilknytte bokstavarh(x), ch, gh, nh, ph,sh, ſh, th, wh, (x)h
Tilknytte tal8
SkriveretningVenstre til høgre

H er den åttande bokstaven i det latinske alfabetet og den sjuande i det greske alfabetet (H, η), der han vart overteken frå fønikisk skrift. Etruskarane og romarane overtok bokstaven med namnet ha. I dei nordiske språka utvikla namnet seg lydrett til hå på 1200-talet. I den eldre runeskrifta er bokstaven den niande og i den yngre runeskrifta det sjuande teiknet.

H er ein såkalla pustelyd. I visse språk vert h uttalt sterkare, som ein x-lyd, til dømes i finsk. H som framlyd kan falla vekk i nokre målføre, noko som blir kalla halvemål. Enkelte språk, til dømes fransk og italiensk, har ikkje h som språklyd, men nyttar han som skriftteikn. I engelsk er h stum i framlyd av nokre ord av fransk opphav, til dømes honour og hour. I tysk er han stum inne i og slutten av ord etter vokal, der han tener til å forlenge vokalen, til dømes Hahn og Reh. Herfrå stammar bruken i personnamn, som Dahl. I dansk, norsk og svensk er h føre j og v stum. På islandsk vert hn, hr, og hl uttalt som ein ustemt n, r og l.

Ein kan framstilla bokstaven som ⠓ i brailleskrift og som «DitDitDitDit», · · · ·, i morsealfabetet. I det internasjonale NATO-alfabetet blir H markert med ordet «Hotel». For å sikra forståing også med dei som ikkje uttaler H, er H-en i ordet offisielt stum.

I det tyske notesystemet er tonen H heiltonen etter A. Han svarer til nota B i det engelske systemet.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: H