Haderslev
Utsjånad
| Haderslev | |||
| by | |||
Domkyrkja i Haderslev | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Region | Region Syddanmark | ||
| Kommune | Haderslev kommune | ||
| Folketal | 22 182 (1. januar 2023) | ||
![]() Haderslev 55°15′N 9°30′E / 55.25°N 9.5°E | |||
| Wikimedia Commons: Haderslev | |||
Haderslev er ein by på Sønderjylland i Danmark. Byen, som har 22 182 ibuarar (2023), er administrasjonssenter i Haderslev kommune.
Haderslev er handels- og industrisenter, samt garnisonsby. Byen har eit tysk mindretal som har eiga kyrkje, skule og bibliotek. Domkyrkja er ei av Danmarks mest praktfulle gotiske bygningar, bygt på 1200-talet, ombygt i det 14-hundreåret til ei einskipa kyrkje i teglstein.
Byen oppstod kring midten av 1100-talet og fekk kjøpstadsrettar i 1292. Byens eldste historie er nært knytta til slottet Haderslevhus. Haderslev låg under tysk styre 1864–1920.
Haderslev er venskapsby med Sandefjord.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Haderslev i Store norske leksikon
