MPLA
| MPLA | |||
| | |||
| Land | Angola | ||
|---|---|---|---|
| Partileiar(ar) | José Eduardo dos Santos | ||
| Generalsekretær | Paulo Kassoma | ||
| Grunnleggjarar | Agostinho Neto | ||
| Grunnlagt | 10. desember 1956 | ||
| Hovudkvarter | Luanda | ||
| Ideologi | sosialdemokrati, marxisme-leninisme, demokratisk sosialisme, kommunisme | ||
| Politisk posisjon | sentrum-venstre, venstresida | ||
Movimento Popular de Libertação de Angola – Partido do Trabalho, kjent som MPLA, er eit politisk parti i Angola. Det blei grunnlagt i 1956 som ei samanslutting mellom Det angolanske kommunistpartiet og Partiet for den sameinte kampen til afrikanarar i Angola (Partido da Luta Unida dos Africanos de Angola), forkorta PLUA. Partiet har ein sosialistisk, marxistisk og kommunistisk ideologi. Det er medlem av Den sosialistiske internasjonale.
Ved presidentvalet i 1992 vann kandidaten til partiet, José Eduardo dos Santos, valet med eit stemmetal på 1 953 335 (49,57 %). Ved parlamentsvalet i 1992 fekk partiet 2 124 126 stemmer (53,74 %, 129 mandat). Åtte opposisjonsparti la fram skuldingar om valfusk.[1] Det neste parlamentsvalet fann ikkje stad før i 2008 på grunn av borgarkrigen. Då fekk MPLA 81,64 % av stemmene og 191 av 220 sete i parlamentet.[2] Ved parlamentsvalet i 2012 fekk partiet 71,84 % av stemmene og 175 av 220 parliamentssete.[3]
I september 2018 blei João Lourenço leiar av partiet etter at José Eduardo dos Santos valde å gå av med pensjon. Ved valet i 2022 fekk MPLA rundt 51 % av stemmene og 124 parliamentssete. Det største opposisjonspartiet, UNITA, fekk 44 % av stemmene og 90 sete. Resultatet var det verste til MPLA på 30 år. Nesten alle opposisjonspartia meinte likevel at resultatet involverte fusk.[4]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ National Society for Human Rights, Ending the Angolan Conflict, Windhoek, Namibia, 3. juli 2000
- ↑ "Angolan ruling party gains about 82% of votes in legislative race". Xinhua. 17. september 2008.
- ↑ "Eleicoes Gerais 2012: Resultados". Comissao Nacional Eleitoral Angola. Vitja 29. november 2012.
- ↑ «Angola after the election: No rest for the opposition – DW – 09/16/2022». dw.com (på engelsk).
- Delar av denne artikkelen bygger på «MPLA» frå Wikipedia på dansk, den 24. august 2025.
- Delar av denne artikkelen bygger på «MPLA» frå Wikipedia på engelsk, den 5. september 2025.