Hopp til innhald

Piplerker

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Piplerker
Nilgiripiplerke (A. nilghiriensis)
Nilgiripiplerke (A. nilghiriensis)
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Overfamilie: Passeroidea
Familie: Erlefamilien Motacillidae
Slekt: Piplerker Anthus
Bechstein, 1805

Piplerker (Anthus) er ei kosmopolitisk slekt av små sporvefuglar med middels til lang stjert. Saman med erler og piplerkene i slekta Macronyx utgjer dei erlefamilien (Motacillidae). Slekta har vid utbreiing og finst over det meste av verda, bortsett frå dei mest tørre ørkenane, regnskogane og fastlandet i Antarktis.

Piplerker er slanke, lite iaugefallande fuglar som lever på bakken og et insekt i ope landskap. Som dei fleste artar i familien er dei monogame og territoriale. Piplerker hekkar på bakken og legg opptil seks spraglete egg.

Taksonomi og systematikk

[endre | endre wikiteksten]
Ei newzealandpiplerke (A. novaeseelandiae). Denne arten vart tidlegare rekna som same art som australiapiplerke (A. australis)

Slekta Anthus vart innført i 1805 av den tyske naturforskaren Johann Matthäus Bechstein.[1] Seinare vart heipiplerke vald som typeart.[2] Det vitskaplege namnet kjem frå latin: Anthus viser til ein liten graslandsfugl nemnd av Plinius den eldre.[3]

Molekylære studiar tyder på at slekta oppstod i Aust-Asia for kring sju millionar år sidan (i sein miocen), og spreidde seg til Amerika, Afrika og Europa for om lag 5–6 millionar år sidan. Artsdanninga skjedde raskt i pliocen (5,3–2,6 millionar år sidan), men gjekk saktare under pleistocen.[4] Gjentatte spreiingar mellom kontinent ser ut til å ha vore viktige for å skape nye artar i Eurasia, Afrika og Nord-Amerika, heller enn at artane utvikla seg isolert etter kolonisering. I Sør-Amerika ser derimot geografisk isolasjon (vicariance) ut til å ha vore ein viktig faktor for artsdanning.[4]

Nolevande artar

[endre | endre wikiteksten]

Slekta omfattar 46 artar og er dermed den mest artsrike slekta i familien.[5] Dei nøyaktige artsgrensene er framleis omdiskuterte, og somme system lister berre 34 artar.

Til dømes vart newzealandpiplerke (A. novaeseelandiae), som i dag er delt i fire underartar på New Zealand, tidlegare rekna å omfatte òg australiapiplerke (A. australis), tartarpiplerke (A. richardi), orientpiplerke (A. rufulus) og savannepiplerke (A. cinnamomeus).[6][7] På den andre sida kan nokre underartar frå subantarktise øyane ved New Zealand bli skilde ut som eigne artar.[8] Desse taksonomiske utfordringane kjem av at fuglane i slekta liknar kvarandre sterkt.

Familien har òg piplerker utanfor slekta Anthus, først og fremst åtte Macronyx-piplerker, på engelsk longclaws. Ei anna er gullpiplerke (Tmetothylacus tenellus), som tilhøyrer ei monotypisk slekt. Denne arten er mellomform i utsjånad mellom Anthus-piplerker og Macronyx-piplerker og er truleg nærare i slekt med sistnemnde. Ein annan art, sitronpiplerke, vert no plassert i slekta Hemimacronyx, som også er rekna som overgangsform mellom piplerker i Anthus og Macronyx. Delinga byggjer både på morfologiske trekk og genetiske analysar.[9]

Langnebbpiplerke – fjørdrakta er typisk for slekta, sjølv om denne underarten manglar den sterke stripinga mange piplerker har på brystet

Omtrent halvparten av artane i Arthus har kroppslengd på rundt 14-16 cm. Kortstjertpiplerke (A. brachyurus) er ein av dei minste artane med berre 11,5–12,5 cm. Den største arten kan vere fjellpiplerke (A. hoeschi) på 18,5 cm. Kroppsvekta for slekta under eit ligg mellom 13 og 40 gram.[10] Som alle andre medlemmar av familien er dette slanke fuglar med kort hals, lange bein, og ofte svært lange bakklør. Lengda på bakklørne varierer med leveviset: artar som held seg meir i tre har kortare og meir bogeforma klør, medan bakkefuglar har lange, rette klør. Nebbet er langt, slankt og spisst. Kjønna er svært like i både storleik og fjørdrakt.

Fjørdrakta er vanlegvis brun, gråbrun eller kvitaktig, med varierande mengd striper og flekker på rygg, venger og bryst. Den lite iaugefallande drakta gjev fuglane kamuflasje mot jord og stein i det opne terrenget dei lever i. Nokre få artar får meir fargerik hekkedrakt – til dømes har rosenpiplerke (A. roseatus) grøne kantar på vengfjørene. Madanga (Anthus ruficollis) på Buru i Molukkane, om han blir ståande i slekta, skil seg påviseleg ut i fjørdrakt med olivengrøn overside, grått hovud og underside, og oransje strupe.[11]

Utbreiing og leveområde

[endre | endre wikiteksten]
Kanaripiplerke (Anthus berthelotii) finst berre på Madeira og Kanariøyane

Piplerker har ei kosmopolitisk utbreiing og finst på det meste av verdas landareal. Dei er den einaste slekta i familien som er vidt utbreidd i Amerika frå arktiske øyar i Canada med myrpiplerke (A. rubescens), til Tierra del Fuego i sør med arten correnderapiplerke (A. correndera).

Tre artar lever i Nord-Amerika, sju i Sør-Amerika, og resten i Eurasia, Afrika og Australia, i tillegg til to artar på atlantiske øyar. Seks artar lever på meir enn eitt kontinent.

Trepiplerke hekkar i Europa og Nord-Asia og overvintrar i India og Afrika

Som venta hos ei så vidt utbreidd slekt, lever piplerker i mange typar ope habitat. Dei er knytte til grasland i alt frå havnivå til alpin tundra. Nokre, som skjerpiplerke og sørgeorgiapiplerke, held til i fjøresteinane, medan andre lever i fjellområda.

Slekta finst frå arktisk tundra og subantarktiske øyar til tropane, men ikkje i tett regnskog. Nokre artar, som miombopiplerke i Sør-Afrika, lever på opne savannar og i miombo-skog.

Nokre artar er stasjonære året rundt, til dømes kanaripiplerke på Madeira og Kanariøyane, medan andre er delvis nomadiske eller gjer fugletrekk. Trepiplerke og fleire nordlege artar er langdistansetrekkarar, medan fjellpiplerke i Sør-Afrika berre flyttar nokre hundre kilometer nordover vinterstid. Trekket skjer gjerne i flokkar, både dag og natt. Eit unnatak er præriepiplerke (A. spragueii) i Amerika, som berre trekker på dagtid.[7]

Åtferd og økologi

[endre | endre wikiteksten]
Myrpiplerke viftar med stjerten både sidevegs og opp og ned

Piplerker er aktive bakkefuglar som held seg på marka mesteparten av tida. Dei flyg under visingsspel, på trekk eller når dei vert uroa. Nokre artar nyttar òg tre, buskar, steinar eller termittuer som utkikkspunkt.

Som erlene rører dei ofte på stjerten. Måten dei gjer det på kan hjelpe til å skilja artar som elles liknar mykje på kvarandre. Til dømes viftar bergpiplerke stjerten raskt, medan sibirpiplerke (A. hodgsoni) gjer det meir langsamt. Myrpiplerke rører stjerten både opp og ned og sidevegs. Føremålet med denne åtferda er ikkje heilt klart, men hos erler er det truleg eit signal til predatorar om at fuglen er på vakt.[12]

Føda åt piplerker består mest av små virvellause dyr. Insekt utgjer hovuddelen av føda – mellom anna fluger, biller, grashopper, teger, maur, bladlus og sommarfuglar i både larve- og vaksenstadium.

Dei tek òg edderkoppar, og meir sjeldan meitemakk og skorpionar. Piplerker er opportunistiske og et det som er mest tilgjengeleg, og samansetninga av føda varierer med sesong og område.

Hos somme artar skil kosten til dei vaksne seg frå det dei gjev ungane – til dømes et trepiplerke mykje biller sjølv, men gjev larver og mjukare insekt til ungane.[13]

Artar som lever langs kysten kan òg eta krepsdyr og skjel, og skjerpiplerke er observert medan ho et fisk som lunde har mista under jakt.[14] Nokre artar tek òg bær og frø i visse periodar.[7]

Anthus i rekkjefølgje etter AviList v2025:[5]

Norsk namn[15] Vitenskapleg namn[5] Autor Engelsk namn[5] Kroppslengd, vekt og utbreiing[10] IUCN status
BergpiplerkeAnthus sylvanus(Hodgson, BH, 1845)Upland pipit17 cm; 19 g; Himalaya, Sør-Kina (bratte skråningar med stein og gras)LC
MongolpiplerkeAnthus godlewskii(Taczanowski, W, 1876)Blyth's pipit15–17 cm; 17–30,5 g; Sentral- og Aust-Asia vinter i India (tørre habitat)LC
FjellpiplerkeAnthus hoeschiStresemann, EFT, 1938Mountain pipit18,5 cm; 23,5–31 g; hekkar i Drakensberg, Sør-Afrika, overvintar i austlege Angola til nordvestlege ZambiaNT
MarkpiplerkeAnthus campestris(Linnaeus, C, 1758)Tawny pipit16,5–17 cm; 17-32 g; Eurasisk steppel/åkerlandskap (Vest-Asia, Europa)LC
KanaripiplerkeAnthus berthelotiiBolle, CA, 1862Berthelot's pipit14 cm; 16–19 g; Kanariøyane, Madeira (tørr, halvørken)LC
LangnebbpiplerkeAnthus similis(Jerdon, TC, 1840)Long-billed pipit17-20 cm; 30–35 g; Afrika sør for Sahara, sørvestlege Asia (tørre habitat)NE
SlettepiplerkeAnthus vaalensisShelley, GE, 1900Buffy pipit15–18,5 cm; 23–37 g; sørlege Afrika (steppe/grasland)LC
MiombopiplerkeAnthus nyassaeNeumann, OR, 1906Wood pipit18 cm; 24–26 g; sørlege Afrika (miombo/skogsteppe)LC
KappiplerkeAnthus nicholsoniSharpe, RB, 1884Nicholson's pipit17-20 cm; 22–25 g; sørvestlegaste Afrika (steina åsar med kratt/open skog)NE
NewzealandpiplerkeAnthus novaeseelandiae(Gmelin, JF, 1789)New Zealand pipit17–18 cm; New Zealand inkl. nærliggjande øyarNE
AustraliapiplerkeAnthus australisVieillot, LJP, 1818Australian pipit17–18 cm; Australia, Tasmania (open mark)NE
KongopiplerkeAnthus pallidiventrisSharpe, RB, 1885Long-legged pipit18 cm; sørvestlege Kamerun til nordlege AngolaLC
MalindipiplerkeAnthus melindaeShelley, GE, 1900Malindi pipit14,5-16 cm; 19–27 g; austlege Somalia og nordaustlege Kenya (kystnære grasland)LC
BrannpiplerkeAnthus leucophrysVieillot, LJP, 1818Plain-backed pipit15–17 cm; 21–32 g; Afrika sør for Sahara (savanne)LC
SavannepiplerkeAnthus cinnamomeusRüppell, WPES, 1840African pipit16–17 cm; 18–31 g; Afrika sør for Sahara (grasland og savanne)LC
TartarpiplerkeAnthus richardiVieillot, LJP, 1818Richard's pipit17–18 cm; 21-40 g; Aust- og Sentral-Asia; overvintring i Sør-Asia (opent land)LC
OrientpiplerkeAnthus rufulusVieillot, LJP, 1818Paddyfield pipit15-16 cm; 17–23 g; Sør-Asia og Sør-Øst-Asia (risfelt, jordbruksland)LC
StripepiplerkeAnthus lineiventrisSundevall, CJ, 1850Striped pipit17–18 cm; 30–35 g; Afrika sør for Sahara (skogrand/opent buskas)LC
SteinpiplerkeAnthus crenatusFinsch, FHO; Hartlaub, KJG, 1870African Rock pipit15–18 cm; 28–39 g; fjell/steinland i Sør-AfrikaNT
SokokepiplerkeAnthus sokokensisVan Someren, VGL, 1921Sokoke pipit12 cm; 12–17 g; kystskog (Kenya og Tanzania, Sokoke-område)EN
KortstjertpiplerkeAnthus brachyurusSundevall, CJ, 1850Short-tailed pipit11,5-12,5 cm; 16–17 g; Afrika subsahara (busksteppe)LC
BuskpiplerkeAnthus cafferSundevall, CJ, 1850Bushveld pipit12,5-13,5 cm; 16–18 g; Angola og søraustlege AfrikaLC
PræriepiplerkeAnthus spragueii(Audubon, JJ, 1844)Sprague's pipit15–17 cm; 20–28 g; grassteppe i Nord-Amerika (prærie)VU
GraspiplerkeAnthus chiiVieillot, LJP, 1818Yellowish pipit10,5–14 cm; 13–18 g; Sør-Amerika (opent grasland, pampas)LC
ArgentinapiplerkeAnthus furcatusd'Orbigny, ACVMD; de Lafresnaye, NFAA, 1837Short-billed pipit14–14,5 cm; 20 g; Argentina og Uruguay (fjell/steppe)LC
PunapiplerkeAnthus brevirostrisTaczanowski, W, 1875Puna pipit14 cm; 20 g; høgland i Andes, sentrale Peru gjennom Bolivia til nordlege Argentina (Puna)LC
PerupiplerkeAnthus peruvianusNicholson, F, 1878Peruvian pipit13-14 cm; kysten av PeruLC
ChacopiplerkeAnthus chacoensisZimmer, JT, 1952Pampas pipit13 cm; Pampas, søraustlege Sør-Amerika (Paraguay og Argentiina)LC
PampaspiplerkeAnthus hellmayriHartert, EJO, 1909Hellmayr's pipit14–16 cm; 16–21 g; seks land i søraustlege Sør-Amerika (pampas/grasland)LC
ParamopiplerkeAnthus bogotensisSclater, PL, 1855Paramo pipit15 cm; høgfjell i Andes, (paramo-sona)LC
OkerpiplerkeAnthus nattereriSclater, PL, 1878Ochre-breasted pipit13,5–15 cm; Paraguay, Uruguay, sørlegaste Brasil (grovsteppe/grasland)VU
SørgeorgiapiplerkeAnthus antarcticusCabanis, JL, 1884South Georgia pipit16,5 cm; Sør-Georgia (subantarktisk øygruppe)LC
CorrenderapiplerkeAnthus correnderaVieillot, LJP, 1818Correndera pipit14–16 cm; 15–26,5 g; sentrale-sørlege Sør-Amerika (grasland, Patagonia)LC
TundrapiplerkeAnthus gustaviSwinhoe, R, 1863Pechora pipit14 cm; 20–26 g; nordlege Eurasia; overvintrar i Sør-AsiaLC
MadangaAnthus ruficollis(Rothschild, LW; Hartert, EJO, 1923)Madanga13 cm; endemisk til Buru i Molukkane, Indonesia (skog)EN
PapuapiplerkeAnthus gutturalisDe Vis, CW, 1894Alpine pipit17,5-18 cm; Ny-Guinea (fjell/alpint grasland)LC
NilgiripiplerkeAnthus nilghiriensisSharpe, RB, 1885Nilgiri pipit17-17,5 cm; sørlege India (Nilgiri-fjella)VU
TrepiplerkeAnthus trivialis(Linnaeus, C, 1758)Tree pipit14-15 cm; 15–39 g; Hekkar i Eurasia, overvintrar i Afrika og India (skog/skogkanter)LC
SibirpiplerkeAnthus hodgsoniRichmond, CW, 1907Olive-backed pipit15–17 cm; 17–26,5 g; Nord-Asia og fjell i Sør-Asia (skogkant ved taiga, open skog)LC
LappiplerkeAnthus cervinus(Pallas, PS, 1811)Red-throated pipit14–15 cm; 16–29 g; Nordlegaste Eurasia; trekk til Sør-Asia/AfrikaLC
RosenpiplerkeAnthus roseatusBlyth, E, 1847Rosy pipit15–16,5 cm; 17–25 g; Sentral-Asia (fjellsteppe)LC
AmurpiplerkeAnthus japonicusTemminck, CJ; Schlegel, H, 1847Siberian pipit15–17 cm; 21 g; austlegste Sibir, austlege AsiaNE
MyrpiplerkeAnthus rubescens(Tunstall, M, 1771)American pipit15–17 cm; 21 g; Nord-Amerika (tundra, prærie); streif til Vest-Europa og Casta RicaNE
HeipiplerkeAnthus pratensis(Linnaeus, C, 1758)Meadow pipit14,5-15 cm; 14,5–22 g; Europa og vestlege Asia (eng/hei)LC
SkjerpiplerkeAnthus petrosus(Montagu, G, 1798)European Rock pipit16,5–17 cm; 18–32,5 g; kystnære steinar/klipper i Vest-EuropaLC
VasspiplerkeAnthus spinoletta(Linnaeus, C, 1758)Water pipit15–17 cm; 19–23 g; fjell, myr og ved elvar og innsjøar i Europa og AsiaLC
Referansar
  1. Bechstein, Johann Matthäus (1805). Gemeinnützige Naturgeschichte Deutschlands nach allen drey Reichen (på tysk) 2 (2nd utg.). Leipzig: Bey Siegfried Lebrecht Crusiu. s. 247, 302 Note.
  2. Mayr, Ernst; Greenway, James C. Jr, red. (1960). Check-List of Birds of the World 9. Cambridge, Massachusetts: Museum of Comparative Zoology. s. 144.
  3. Jobling, James A. (2010). The Helm Dictionary of Scientific Bird Names. London, United Kingdom: Christopher Helm. s. 49. ISBN 978-1-4081-2501-4.
  4. 1 2 Voelker, Gary (1999). «Dispersal, Vicariance, and Clocks: Historical Biogeography and Speciation in a Cosmopolitan Passerine Genus (Anthus: Motacillidae)». Evolution 53 (5): 1536–1552. JSTOR 2640899. PMID 28565564. doi:10.2307/2640899.
  5. 1 2 3 4 AviList Core Team. 2025. «AviList: The Global Avian Checklist, v2025.». AviList: The Global Avian Checklist © 2025 by AviList Core Team is licensed under CC BY 4.0. doi:10.2173/avilist.v2025.
  6. «Waxbills, parrotfinches, munias, whydahs, Olive Warbler, accentors, pipits – IOC World Bird List». IOC World Bird List – Version 14.2. 20. februar 2025. Henta 24. mars 2025.
  7. 1 2 3 Tyler, Stephanie (2004). «Family Motacillidae (Pipits and Wagtails)». I del Hoyo, Josep; Elliott, Andrew; Christie, David. Handbook of the Birds of the World. Volume 9, Cotingas to Pipits and Wagtails. Barcelona: Lynx Edicions. s. 689–743. ISBN 978-84-87334-69-6.
  8. Foggo, M. N.; Hitchmough, R. A.; Daugherty, C. H. (1997). «Systematic and conservation implications of geographic variation in pipits (Anthus: Motacillidae) in New Zealand and some offshore islands». Ibis 139 (2): 366–373. doi:10.1111/j.1474-919X.1997.tb04635.x.
  9. Voelker, Gary; Scott V. Edwards (1998). «Can Weighting Improve Bushy Trees? Models of Cytochrome b Evolution and the Molecular Systematics of Pipits and Wagtails (Aves: Motacillidae)». Systematic Biology 47 (4): 589–603. PMID 12066304. doi:10.1080/106351598260608.
  10. 1 2 Winkler, D. W.; Billerman, S. M.; Lovette, I. J. (2020). Billerman, S. M.; Keeney, B. K.; Rodewald, P. G.; Schulenberg, T. S., red. «Wagtails and Pipits (Motacillidae), version 1.0». Birds of the World Online. Cornell Lab of Ornithology, Ithaca, NY. doi:10.2173/bow.motaci1.01. Søk Anthus
  11. van Balen, B. (2022). Billerman, S. M., red. «Madanga (Anthus ruficollis), version 1.2». Birds of the World Online. Cornell Lab of Ornithology, Ithaca, NY. doi:10.2173/bow.rtweye1.01.2.
  12. Randler, C (2006). «Is tail wagging in white wagtails, Motacilla alba, an honest signal of vigilance?». Animal Behaviour 71 (5): 1089–1093. doi:10.1016/j.anbehav.2005.07.026.
  13. «Tree pipit (Anthus trivialis. Woodland trust. Henta 1. november 2025.
  14. Durham, Neil (1981). «Rock Pipits Feeding On Fish». Bird Study 28 (3): 186. Bibcode:1981BirdS..28..186D. doi:10.1080/00063658109476722.
  15. «Norske navn på verdens fugler». Norsk navnekomité for fugl (NNKF). 26. oktober 2025.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Piplerker