Python
| | |||
| | |||
| Utviklar | Python Software Foundation, Guido van Rossum | ||
|---|---|---|---|
| Utgjeve | 20. februar 1991 | ||
| Nyaste versjon | 3.14.0 (7. oktober 2025) | ||
| Operativsystem | multiplattform | ||
| Skriven i | Python, C | ||
| Type | programvareutvikling, berekningsvitskap, maskinlæring, dataanalyse, programmering, webutvikling, kunstig intelligens | ||
| Lisens | Python Software Foundation-lisens | ||
| Nettstad | https://www.python.org/ | ||
Python er eit objektorientert programmeringsspråk starta av Guido van Rossum i 1989. Van Rossum valde namnet «Python» fordi han er fan av Monty Python, og fordi han meiner at programmering skal vera artig.
Python var opphavleg eit scriptspråk for Amoeba OS for å laga systemendringar. Perl, Ruby, Tcl, Scheme og tildels Java vert ofte set på som alternativ til Python. Python er utvikla som ei fri programvare-prosjekt.
Python har ein lettlest og klår syntaks. I Python vert koden delt opp etter innrykk, ikkje etter spesialtegn som t.d. }. Dette er trekk ved programmeringsspråket som skal gjera det lettare og raskare å skriva program. Mange ser på Python som ein nyare, men strengare og meir strigla versjon av Perl.
Objekt-orientert programmering
[endre | endre wikiteksten]Python er eit objektorientert språk, og tillèt til dømes polymorfisme. I motsetnad til i mange andre objektorienterte språk, som til dømes Java og Smalltalk, er det likevel fullt mogleg å skriva eit prosedyre-drive program.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Python» frå Wikipedia på bokmål, den 23. september 2016.