Hopp til innhald

Reeth

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Reeth
by
Reeth frå Fremington Edge.
Land  England
Region North Yorkshire
Distrikt Richmondshire
Folketal 724
Postnummer DL11
Retningsnummer 0 1748
Kart
Reeth
54°23′15″N 1°56′32″W / 54.3876°N 1.9422°W / 54.3876; -1.9422
Wikimedia Commons: Reeth

Reeth er ein liten by i North Yorkshire i England. Han ligg i nasjonalparken Yorkshire Dales, der dalane Swaledale og Arkengarthdale møtest.

I saksisk tid var det berre ei lita busetjing i skogkanten. Staden er nemnt i Domesday Book (1086), og hadde då vakse noko.

Reeth vart utover i mellomalderen eit sentrum for strikking, og den lokale blygruveindustrien vart kontrollert derfrå, men det var heile tida rolla som marknadsby for landbruket i området som var viktigast.

Mange av husa er frå 1700-talet. I sentrum ligg ein trekanta village green, der ein finn dei tre pubane i byen og eit hotell. Turistindustrien har vorte ei viktig næring for byen, og mange fotturistar tek turen dit.

Like utanfor Reeth finn ein toppane Fremington Edge og Calver Hill.

    Bakgrunnsstoff

    [endre | endre wikiteksten]
    Commons har multimedium som gjeld: Reeth