Stuart Baxter
Utsjånad
|
| |||
| Personleg informasjon | |||
|---|---|---|---|
| Fullt namn | Stuart William Baxter | ||
| Fødd | 16. august 1953 | ||
| Fødestad | Wolverhampton | ||
| Posisjon | Midtbanespelar | ||
| Trenar for | |||
| År | Lag | ||
| 1992-1994 1995-1997 2006 |
| ||
Stuart William Baxter (fødd 16. august 1953) er ein britisk fotballspelar og -trenar, fødd i Wolverhampton.
Spelar
[endre | endre wikiteksten]Baxter var aktiv på lag i England, Australia, Sverige og USA, utan å utmerke seg.
Trenar
[endre | endre wikiteksten]Sidan 1985 har Baxter vore trenar for eit tjuetals lag, klubblag og landslag. Mellom andre trente han norske Skerp i 1986 og Lyn i 2001. Størst suksess hadde han med japanske Sanfrecce Hiroshima som vann den japanske ligaen i 1994, svenske AIK Stockholm som gjekk til topps i Allsvenskan 1998 og vart cupmeister 1999, Helsingborg svensk cupmeister 2006, samt Kaizer Chiefs til ligapokal i Sør-Afrika i 2014 og 2015. Baxter var landslagssjef for Finland 2008-10 og Sør-Afrika 2017-19.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Stuart Baxter» frå Wikipedia på engelsk, den 20. juli 2024.