Koper
45°32′53″N 13°43′50″E / 45.54806°N 13.73056°E
| Koper | |||
| Capodistria | |||
| kommune | |||
Utsyn over Koper | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Statistisk region | Obalno-kraška | ||
| Areal | 304 km² | ||
| Folketal | 54 430 (2025[1]) | ||
| Postnummer | 6000 | ||
| Retningsnummer | (+386) 05 | ||
| Bilnummer | KP | ||
![]() Koper 45°32′51″N 13°43′50″E / 45.547542728°N 13.7306571°E | |||
| Wikimedia Commons: Koper | |||
| Nettstad: https://www.koper.si | |||
Koper (italiensk Capodistria) er ein by og ein bykommune i den statistiske regionen Obalno-kraška i Slovenia. Etter fleire folkerøystingar blei Ankaran skild ut frå Koper og oppretta som eigen kommune i 2011.[2]
Koper er ein kystby og den største hamnebyen i landet og ligg ved kysten av Adriahavet. Sjølve byen har om lag 25 000 innbyggjarar, medan kommunen har vel 50 000. Koper er offisielt tospråkleg med både slovensk og italiensk som offisielle språk. Attraksjonar i Koper er mellom anna Pretorianarpalasset i venetiansk gotisk stil, klokketårnet Carmine frå 1100-talet og domkyrkja St. Nazarius med tårn frå 1300-talet.
Koper ligg òg ved ein av dei største grenseovergangane mellom Slovenia og Italia.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Koper utvikla seg frå ein eldgammal busetnad på ei øy søraust i Koperbukta. I den greske antikken vart byen kalla Aegida, og seinare vart han kjend med dei latinske namna Capris, Caprea, Capre eller Caprista, som det moderne slovenske namnet kjem frå.
I 568 flykta romerske innbyggjarar frå den nærliggande Tergeste (dagens Trieste) til Capris på grunn av invasjonen til langobardane. Tl ære for den austromerske keisaren Justinian II, vart byen omdøypt til Justinople. Seinare kom Justinople under både langobardisk og frankisk styre.
Sidan 700-talet, og kanskje heilt sidan 500-talet, har Koper vore sete i eit bispedøme. Ein av biskopane i Koper var den lutherske reformanten Pier Paolo Vergerio. I 1828 vart bispedømet slått saman med bispedømet Trieste.
Det har eksistert handel mellom Koper og Venezia sidan 932. I krigen mellom Venezia og Det tysk-romerske riket var Koper på den tyske sida, og som følgje av dette fekk han byrettar i 1035 av keisar Konrad II. Frå 1232 kom Koper under patriarkatet Aquileia og i 1278 vart han ein del av Republikken Venezia.
Koper voks og vart hovudstad i det venetianske Istria og fekk namnet Caput Histriae, «hovudstaden i Istria», som det moderne italienske namnet Capodistria kjem frå.
Etter den første verdskrigen vart byen ein del av Italia, og etter den andre verdskrigen vart han ein del av Sone B i Fristaten Trieste og kontrollert av Jugoslavia. Dei fleste italienske innbyggjarane forlet byen i 1954 då Fristaten Trieste vart oppløyst og Sone B vart ein del av det kommunistiske Jugoslavia. I 1977 vart det romersk-katolske bispedømet Koper skild frå bispedømet Trieste.
Då Slovenia vart sjølvstendig i 1991 vart Koper den einaste kommersielle hamna i Slovenia.
Folketal
[endre | endre wikiteksten]Folketalet i dei største busetnadene i kommunen ved dei siste folketeljingane var:[a]
| Folketal 2002[3] | Folketal 2011[1] | Folketal 2021[1] | |
|---|---|---|---|
| Koper/Capodistria | 23 726 | 24 996 | 26 054 |
| Sveti Anton | 1 343 | 1 736 | 2 092 |
| Dekani | 1 409 | 1 586 | 1 704 |
| Spodnje Škofije | 1 221 | 1 402 | 1 466 |
| Hrvatini/Crevatini | 1 126 | 1 232 | 1 310 |
| Prade | 946 | 1 129 | 1 305 |
| Pobegi | 1 011 | 1 228 | 1 286 |
| Zgornje Škofije | 745 | 917 | 1 071 |
| Bertoki/Bertocchi | 892 | 966 | 1 021 |
| Kommunen Koper/Capodistria | [b]47539 | 52700 | 53292 |
Galleri
[endre | endre wikiteksten]- Pretorianarpalasset
- Kopertårnet
- Moderne bustadområde.
- Hamna i Koper.
Merknader
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Koper» frå Wikipedia på engelsk, den 25. april 2009.
Referansar
[endre | endre wikiteksten]- 1 2 3 «Population by sex and by age, municipalities and settlements, Slovenia, annually». Statistični urad Republike Slovenije (SURS) (Republikken Slovenias statistiske kontor). Henta 1. september 2025.
- ↑ «Odločba o ustanovitvi Občine Ankaran in o ugotovitvi, da Zakon o razpisu rednih lokalnih volitev v Mestni občini Koper ter Akt o razpisu rednih volitev v občinski svet in rednih volitev župana Mestne občine Koper nista v neskladju z Ustavo, stran 6350 (Vedtak om oppretting av Ankaran kommune …)». Glasilo Uradni list RS (Offisielt lysingsblad for Slovenia) 47/2011. 17. juni 2011. Henta 1. september 2025.
- ↑ «Population, settlements, Slovenia, census 2002». Statistični urad Republike Slovenije (SURS) (Republikken Slovenias statistiske kontor). Henta 1. september 2025.

