Mtskheta
| Mtskheta მცხეთა | |
|---|---|
| Land | Georgia |
| Innbyggjarar[1] • By (2014) |
7 940 |
| Koordinatar | 41°51′N 44°43′E / 41.850°N 44.717°E |
| Høgd | 480 m |
| Tidssone | MSD (UTC+4) |
| Nettstad: http://mtskheta.gov.ge | |
| Land | Georgia | ||
|---|---|---|---|
| Innskriven ved UNESCOs 18. sesjon i 1994. Referansenr. 708. | |||
| Kriterium: | (III)(IV) | ||
| Sjå òg | Verdsarvstader i Asia | ||
| Bakgrunnsstoff | Mtskheta ved unesco.org | ||
Mtskheta (georgisk მცხეთა) er ein by i Georgia som ligg om lag 20 kilometer nordvest for Tbilisi. Han er administrasjonssentrum i regionen Mtskheta-Mtianeti. Dei historiske bygningane i Mtskheta står på UNESCO si liste over verdsarv.
Dei eldste arkeologiske funna i byen er datert til før 1000 f.Kr., og han er dermed ein av dei eldste byane i Georgia. Mtskheta var hovudstad i det gamle kongedømet Kartli frå 2000-taletf.Kr. til 400-talet e.Kr. I 337 blei kristendommen utropt til den offisielle religionen i landet her, og den georgiske kyrkja har framleis hovudsete i Mtskheta.[2]
Svetitskhoveli-katedralen i Mtskheta er den viktigaste kyrkja i Georgia. På ei høgd nær byen ligg Jvari-klosteret, som er eit anna viktig døme på tidleg georgisk arkitektur.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Georgia Citypopulation.de
- ↑ Centre, UNESCO World Heritage, «Historical Monuments of Mtskheta», UNESCO World Heritage Centre (på engelsk), henta 29. mai 2019
- Denne artikkelen bygger på «Mtskheta» frå Wikipedia på bokmål, den 29. mai 2019.
